Makt

Confound it! The batteries are dead!

Osmansk stoltheit i Sarajevo

leave a comment »

Dette er kopiert fra http://srib.no/samfunn/mir/osmansk-stoltheit-i-sarajevo/. Utenriksmagasinet Mir er radioprogrammet jeg jobber i, på Studentradioen i Bergen.

Harun intervjues på ein av Sarajevo sine bedre kafear

Mange hugsar Sarjevo først og fremst som ein krigsherja og utbomba by frå 90-talets nyheitssendingar, men då Utanriksmagasinet Mir avla den bosniske hovudstaden ein visitt viste han seg heldigvis frå ei langt betre side.

Vår tørst etter osmansk arv lot seg her lett stilla; 400 år under tyrkisk styre har sett sine spor. Den tyrkiske arkitektur viser att i Sarajevo, spesielt i form av dei mange gamle moskeane som er å sjå. Den største kulturelle arva ligg att i form av den islamske religion, som rundt halvparten av innbyggjarane i det bosniske territorium vedkjenner seg.

Dagens Sarajevo ber breg av å vera ein by som er under gjenoppbygging etter at i praksis alle hus i byen vart skadde under den serbiske beleiringa frå 1992 til 1995, der også 10000 sivile mista livet. Mir stiftar bekjentskap med ein lokal innbyggjar som vart fødd på eit krigshospital under beleiringa, og som kan fortelja både det eine og det andre om bosnisk historie og politikk. Vår nye ven er ein velformulert 18-åring ved namn Harun, som tener til sitt daglege brød som by-guide i Sarajevos bakgater.

Harun meiner at han snakkar på vegne av dei fleste bosniske muslimar når han seier at han ser på tida under osmansk styre som ein storarta periode. Den største gåva osmanarane kom med meiner han var innførselen av islam, men han påpeikar også ivrig at tyrkarane sin byggings-iver gjorde at Sarajevo hadde eit høgt antal offentlege bad på ei tid då resten av Europa “symde i drit”. Også tida under austerriksk-ungarsk styre ser han på som ei god tid, der Bosnia gjekk igjennom ei nødvendig modernisering av samfunnet.

Bosnia og Sarajevo stod også sentralt i hendingane som førte til det osmanske rikets endelege fall. Det var her den serbiske nasjonalisten Gavrilo Princip ein sjebnesvanger junidag i 1914 retta sitt våpen mot den austerriks-ungarske tronarvingen Franz Ferdinand, noko som utløyste den første verdskrigen – det osmanske rikets endelikt.

Innbyggjarane i Sarajevo veit å lytta til god radio.

Når det gjeld dagens politiske situasjon på Balkan er Harun klar i sin tale. Han kallar sine eigne politikarar gjennomkorrupte, og hevdar dei har lurt til seg fleire milliardar euro som var tiltenkt gjennoppbyggingsprosjekt i landet. Sine naboar i Serbia omtalar han som løgnaktige nasjonalistar som fornektar sanninga om krigane i det tidlegare Jugoslavia, og han fryktar at krig på nytt kan bryta ut dersom ikkje alle partar snart tek eit oppgjer med si eiga fortid.

Lausbikkjer og meterhøge brennesler hindrar ikkje Mir sine utsendingar i å klatra til topps på Sarajevos åsryggar.

Frå Sarajevo reiser Mir vidare sørover på svingete landevegar til Montengro og nyt eit par dagar ved den solrike adriaterhavskyst, før turen går vidare over fjellet til det siste nye landet på Balkan, Kosovo.

Advertisements

Written by Aslak

July 1, 2011 at 12:00

Posted in Uncategorized

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: