Makt

Confound it! The batteries are dead!

Ankara og aust-Anatolia – det tyrkiske kjernelandet?

leave a comment »

Dette er kopiert fra http://srib.no/samfunn/mir/ankara-og-aust-anatolia-det-tyrkiske-kjernelandet/. Utenriksmagasinet Mir sendes hver torsdag klokken 10 på Studentradioen i Bergen.

Veien opp til monumentet som hedrer Atatürk

Mir reiser i 250 km/t austover frå Istanbul med eit hypermoderne lyntog for å nå Tyrkia sin hovudstad Ankara. Der Istanbul med sine gamle, praktfulle bygningar og rike historie er sjølve manifestasjonen av osmansk storheit, viser Ankara seg fram som det motsette – symbolet på den moderne tyrkiske staten si oppstode og det osmanske rikets undergang. Det viktigaste nasjonale monumentet ein finn her er det gigantiske mausoleet etter Atatürk, det moderne Tyrkias far.

Dei glade karar ved Atatürks siste kvilestad.
Dei glade karar ved Atatürks siste kvilestad.

Atatürk ville tufta den tyrkiske staten på ein sterk, sekulær stat der militæret skulle spela ei viktig rolle. God infrastruktur og ein utdanna folkesetnad skulle vera med på å sikra at Tyrkia ikkje sakka akterut og rotna innvendig slik det osmanske riket gjorde på si sotteseng før dødsstøtet under første verdskrigen. I gangar og hallar under sjølve mausoleet til landsfaderen finn ein eit museum som viser oss Atatürk sine bragdar, mellom anna sigeren i den såkalla tyrkiske frigjeringskrigen, som fann stad i etterkant av første verdskrigen. Som general i det osmanske forsvaret var Atatürk leiar av motstanden mot grekarane, som hadde fått kontroll over mykje av det vestlege Anatolia under første verdskrigen. Atatürk si haldning var at heile Anatolia og Trakia, det vil seia dei områda som utgjer dagens Tyrkia, var tyrkisk kjerneområde, og såleis måtte tilfalla den nye tyrkiske staten etter kollapsen av det Osmanske riket.

Etter fire år med krig hadde dei tyrkiske styrkane sikra kontrollen over Anatolia, og hovudstaden i det nye landet Tyrkia vart av strategiske årsaker lagt til Ankara, som på det tidspunktet var ein liten landsby med rundt 35000 innbyggjarar. I dag har ankara vokse til eit enormt administrasjonssentrum med over 4 millionar innbyggjarar.

Frå Ankara rullar Mir vidare med førsteklasses langdistansebussar til me når landsbyen Dogubeyazit litt over 1000 kilometer aust for Ankara, nær grensa til Iran. Her får me stadfesta at Tyrkia såvisst ikkje er befolka berre av tyrkarar; Dogubeyazit har ein nesten utelukkande kurdisk folkesetnad. Denne delen av Tyrkia var på store deler av 1980 og 90-talet prega av sterk uro i samband med den kurdiske geriljagruppa PKK sine aktivitetar og det tyrkiske militæret sine manøvrar for å utradera dei. Dei seinare åra har det vore rolegare, men like før avreise frå Ankara får me høyra at PKK ei veke tidlegare gjennomførte angrep mot politistasjonane i Dogubeyazit og Semdinli, der to menneske vart drepne. I Dogubeyazit får me høyra av lokale innbyggjarar at alle familiar i byen har eitt eller to familiemedlem som har reist til fjells for å vera med i PKK. Som reaksjon på denne aktiviteten har det tyrkiske militæret etablert ein enorm militærbase like utanfor sentrum av byen, og ein kvar liten haug rundt byen er avsperra som militært område.

Besøket vårt i Dogubeyazit inkluderte ein audiens hos den lokale borgarmeisteren. Ho snakka berre tyrkisk og kurdisk, så me anar enno ikkje kva ho sa.
Besøket vårt i Dogubeyazit inkluderte ein audiens hos den lokale borgarmeisteren. Ho snakka berre tyrkisk og kurdisk, så me anar enno ikkje kva ho sa.

På ein knaus like utanfor byen ligg det imponerande osmanske fortet Isak Pasha, som i ein periode var eit av dei viktigaste administrative sentruma i riket. Frå Dogubeyazit har ein også ypparleg utsikt til det mytiske Ararat-fjellet som med sine 5137 meter ruvar høgt over det kringliggjande slettekandet. Ararat er heilagt for armenarane, og kan frå sin hovudstad Jerevan lenger nord la sine auge kvila på dette majestetiske fjellet, som i dag ligg godt innanfor den tyrkiske stat sine grenser. Hendingane på under første verdskrigen, då Tyrkia vart reinska for armenarar, pregar framleis tilhøvet mellom dagens Tyrkia og Armenia, og vert maifestert gjennom den stengde grensa mellom dei to statane. For å komma seg til Armenia må difor Mir først spasera over grensa til Iran, og reisa vidare derifrå.

Advertisements

Written by Aslak

August 30, 2011 at 16:02

Posted in Uncategorized

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: